Her er fleire interessante tema innanfor jaktetikk her. Ein del av jegarane er også grunneigarar til skog- og fjell-område. Korleis står det til? Lar me ein del av skogen stå "urørt" slik det opprinneleg var, eller høgg me ned store skokområde og plantar til med ny og ugjennomtrengeleg ungskog? Dei store dyra klarar alltid å brøyta seg veg gjennom skogen, men alle dyreslag er avhengig av mangfaldet av store og små dyr, og fuglar. Vil alle dyr trivast i skog som vert snauhogd, for så og verta tettplanta med ny ungskog? Fleirbruksplanar for skogshogst, med hensyn til natur og dyreliv var ein god ting som kom inn i skogbruket for ein del år sidan. Det viktige her er å stella skogen slik at viltet/dyra framleis kan trivast, utan å forlata området pga. mistrivsel.
Eg er frå ein liten gard i eit djupt dalføre med fjell til over 1200 m.o.h., innanfor ein fjord innanfor Bergen på Vestlandet i Norge. Skogen er ein gammal lauvskog. Det er planta nokre små skogholt med gran nedst mot garden og elva. Elles er skogen slik den alltid har vore. For nokre år sidan vart det slutt med dyr på garden, og det vart slutt på beiting i skogen. Me på garden er glade i skogen, naturen og dyrelivet i skogen vår. Me laga til nokre turstiar og gjorde det lettare å gå på tur der. Samstundes vart det lettare for hjorten å ta seg fram i skogen, utan at hjorten missta noko skjul. Stiane tok hensyn til dyrelivet si naturlege åtferd. Myrholt med dammar som hjorten vaskar seg i vart skåna ved helleleggjing på stien, slik at myra og dammen vart drenert bort gjennom slitasje på stien. På turar i skogen kan me oppleva ferske hjortetrakk, orrfuglar i parringsleik om våren, snøsmelting med brusande bekkar og fuglesong, og haustturar med plukking av tyttebær (lingon) medan reven passerer oss og vert forskrekka av å sjå folk. Det er mykje hjort i skogen, og mykje ryper i fjellet ovanfor, med utsyn mot havet (Nordsjøen) i vest. Enkelte år streifar både bjørn og jerv innom skogen vår, og finn skjul i ein spesiell og tilbaketrukke botn med tett lauv- og furu-skog, og får vera i fred, sjølv om ein sti fører der til.
No jaktar ikkje eg sjølv, men eg er oppteken av at dyrelivet har det bra i skogen heime, og tek turar i skogen og stellar forsiktig med den, og lærer mest mogleg om faunaen og floraen der. Skogsdrifta avgrensar seg til skogen nærast garden og elva, medan resten, dvs. over 90% av skogen, skal vera i urørt stand for dyrelivet.
Det viktigaste grunnlaget for ei god jakt, er ofte grunneigarane si innsats for å ta vare på skogen, og mangfaldet i den innanfor flora og dyreliv. Det eg ikkje gjer under jakta, kan eg gjera innanfor dette å ta vare på skogen, villmarka og dyrelivet. I den seinare tid har eg vurdert å byrja forsiktig med å bidra innan sjølve jakta, eg óg. Me har hatt folk frå Sverige som har overnatta hjå oss, og dei synest at det er veldig fin natur her.
Helsing Stuttjukken.
Grunneigaren sitt ansvar for villmarka si, og viltet der.
Moderatorer: taxen, Fritz Kraut
-
Stuttjukken
- Inlägg: 30
- Blev medlem: 03 sep 2005, 10:58
- Ort: Bergen, vest i Norge.
Grunneigaren sitt ansvar for villmarka si, og viltet der.
Den stuttjukke fjellbamsen i fjella der vest.




